Finnvær fyrstasjon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Finnvær fyrstasjonmap
Remove ads

Finnvær fyrstasjon er eit fyr som ligg på Valøya nordvest for Froan i Frøya kommune i Trøndelag fylke.

Thumb
Plasseringa til Finnvær fyrstasjon
Kjappe fakta Fylke, Kommune ...

Fyret vart oppretta i 1912, og er ein del av fyrkjeda i øyrekka utanfor Frøya, med Sula fyr i sør, så Vingleia fyr, Finnvær fyr og lengst nord Halten fyr.

Fyrbygningen er ein trebygning kledd med eternitt og har eit lågt taktårn i nordvest. Tett ved den gamle fyrbygningen ligg maskinhus og uthus, samt tufter etter fjøs, trapper og veg ned til landing og naust. Mykje av det eldre fyrtekniske utstyret er bevart, men då fyret vart avbemanna og automatisert i vart det erstatta av eit glasfibertårn like ved.

Området ligg i Froan naturreservat som er verna etter lov om naturvern, medan sjølve fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads