Fioletthettekolibri

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fioletthettekolibri
Remove ads

Fioletthettekolibri (Ramosomyia violiceps) er ein art i kolibrifamilien, stammen «smaragdar» i underfamilien Trochilinae. Arten finst i Mexico og marginalt inn i Sambandsstatane.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Fioletthettekolibrien er 10–11,5 cm lang og veg 5,1–5,8 gram. Begge kjønn har eit klårt raudt nebb, nokre gongar med svart spiss. Hannfuglar har ein intens fiolettblå isse, blåleg nakkeparti, grønbrun rygg og koparfarga hale. Undersida frå strupe til undergump er reint kvit, med olivengrøne sider. Hunnfuglane liknar hannane, men er noko dusare i fargane.[1]

Utbreiing og habitat

Underarten R. v. ellioti finst frå søraustlege Arizona og sørvestlege New Mexico til Mexico, medan R. v. violiceps lever lenger sør, frå Michoacán til Oaxaca. Arten trivst i ulike miljø, inkludert elvekorridorar i krattskog, lauv- og furuskogar, hagar og parkar. Han finst frå havnivå opp til 2 400 moh.[2]

Trekkrørsler

Nordlege populasjonar i USA og Mexico er stort sett trekkfuglar, men nokre individ overvintrar i Arizona. Auka observasjonar tyder på at arten utvidar leveområdet nordover. Sørlege populasjonar er hovudsakleg standfuglar, men flyttar seg etter næringstilgangen.[1]

Galleri

Remove ads

Status

Fioletthettekolibrien har eit stort estimert utbreiingsområde (511 000 km²) og storleiken på populasjonen er rekna som stabil på ca. 2 millionar kjønnsmodne individ. IUCN har kategorisert han som ein livskraftig art (LC) utan tydelege trugsmål.[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads