Firestarter av Tangerine Dream
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Firestarter er det 22. albumet og femte filmmusikkalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream. Albumet inneheld musikk for filmen Firestarter, basert på ein roman av Stephen King, med Drew Barrymore, Heather Locklear og Martin Sheen i rollene. I følgje regissøren Mark L. Lester, såg aldri Tangerine Dream filmen. Dei sendte han noko musikk og han kunne velje ut det han sjølv likte.[2]
Midten av 80-åra var særskild produktive for Tangerine Dream, som spelte inn fleire filmmusikkalbum. Alle dei tre bandmedlemmane brukte inntektene frå desse oppdraga på sine eigne studio. Edgar Froese fortalte: «Eg såg meg om etter filmar me kunne lage musikk til for å få ting på gli, sidan eit studio kostar mykje pengar. Målet var at kvart medlem i bandet skulle ha sitt eige studio for å kunne arbeide sjølvstendig og førebu ting. Om me berre hadde eitt studio og eitt medlem skulle arbeide eller prøve ut noko på eiga hand, så måtte me andre berre sitje og vente.»[2]
Remove ads
Innhald
Medverkande
- Edgar Froese – klaverinstrument, elektronisk utstyr, gitar
- Christopher Franke – synthesizer, elektronisk utstyr, elektronisk perkusjon
- Johannes Schmoelling – klaverinstrument, elektronisk utstyr
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads