Rogn frå dyr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rogn (av norrønt hrogn) er ei vanleg nemning for egg frå dyr som gyter i vatn, som fisk, skaldyr og amfibium.[1]

Utrogn er rogn som sit under yttersida av halen på krepsdyr som hummar.[2]
Biletdøme
- Froskerogn
- Rogn frå regnbogeaure.
- Rogn frå sicklefin redhorse frå fiskslekta Moxostoma.
- Sjøkreps (Nephrops norvegicus) med rogn.
Rogn som mat
Ein del rogn blir brukt som matemne. Rogn av stør og ein del andre fiskar blir kalla kaviar.[3]
Rogn frå lagasild (svensk löjrom) er ein eksklusiv matrett i Sverige, og Kalix Löjrom er ei verna matnemning i EU.[4][5]
Torskerogn blir mellom anna brukt fersk, frosen og hermetisk.[3] Rognbakels er ein norsk vaffeltype laga med torskerogn.
Galleri
- Blini med raud kaviar.
- Kanapear med ulike typar rogn.
- Sushitypen gunkanmaki med rogn.
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads