Vaffel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vaffel
Remove ads

Ein vaffel (fleirtal vaflar) eller ei vaffelkake[a] er eit tjukkvore, oftast noko luftig, bakverk som er steikt i eit jarn med meir eller mindre grovt rutemønster eller anna grovt mønster. Jarnet gjev vaflane mønster og form, som kan vera firkanta eller runde for heile kaka, og inndelingar i mindre delar som også kan vera firkanta eller hjarteforma.

Thumb
Vaffel servert på kafé i Berlin.
Thumb
Eit vaffeljarn av skandinavisk type.
Remove ads

Røre

Vaffelrøre blir gjerne laga med egg, mjølk, kveitemjøl og smelta smør. Ein kan også nytta bakepulver,[2] gjær eller andre hevingsmiddel.[3] I tillegg kan ein tilsetja salt, sukker, vanilje eller kardemomme og liknande.[2]

Ein kan nytta egg frå høns til røra, men også frå andre fuglar og frå fisk. Vaffelrøre med torskerogn har til dømes vore nytta blant kysten i Noreg.[2]

I staden for smør kan ein nytta andre feittypar, som smult eller olivenolje, i røra.[3]

I tillegg til mjølk kan ein også nytta fløyte eller rømme i røra.[2] Det finst også døme på vaffelrøre laga med øl.[3]

Ein kan også nytta andre typar mjøl eller havregryn i tillegg til kveite.[2]

Remove ads

Historie

Kaker steikte på jarn er nokre av dei eldste kjente kakene. Ein kjenner til kakejarn for avletter eller krumkaker frå 1600-talet. Vaflar er nemnde i kjelder frå 1700-talet.[2]

Tradisjonar

Vafler kan vera rektangulære (typisk for nederlandske og belgiske vaflar), runde (typisk mange stader i Nord-Amerika) eller runde med underdeling i fire eller fem hjarteforma vaflar (typisk for skandinaviske vaflar).

I Noreg kan ein til dømes servera vaflar med syltetøy og rømme eller smør og brunost. I Nordland og Trøndelag finst det også skikkar med å ha egg og salt kjøtpålegg på vaflar. Ein kan også nytta vaflar til pølse i brød, noko ein til dømes har gjort i Østfold i Noreg.[2]

Blant portugisarjødar er vaflar tradisjonell ḥanukkámat.

Galleri

Merknadar

  1. dessutan kalla bakels eller bakkels i Nordmøre, Romsdal, Budal, Østerdalen, Odal og Solør[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads