Fjernsyn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fjernsyn

Eit fjernsyn, fjernsynsapparat eller TV (kort for televisjon) er eit elektronisk apparat som ved hjelp av ei VHF/UHF-antenne eller ein satellittmottakar tek imot radiobølgjer på ein viss frekvens og så omgjer dei til bilete og lyd. Fjernsyn har vore kommersielt tilgjengelege sidan 1930-åra,[1] og er i dag vanleg å sjå i heimar over heile verda.

Thumb
Fjernsynsapparat frå 1950-åra.
Thumb
Flatskjermsfjernsyn til sals hos Elkjøp i 2006.

Historie

Det første halvmekaniske analoge fjernsynsystemet blei demonstrert i februar 1924 av skotten John Logie Baird.[2] I 1927 sende han eit fjernsynssignal over telefonlinja frå London til Glasgow.[3]

I Noreg

I 1954 blei dei første norske prøvesendingane utført. 20. august 1960 starta NRK regulære fjernsynssendingar i svart-kvitt[4] NRK starta regulære fjernsynssendingar i farger i 1975.[4]

Referansar

Sjå òg

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.