Fjernsynsprogrammet Kontrapunkt
norsk spørreprogram på TV From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kontrapunkt var ein nordisk musikkgisseleik produsert av NRK, SVT, YLE og DR.
Programmet gjekk i periodane 1964–1980 og 1985–1998 (1985 berre i Sverige). Den fyrste perioden var Kontrapunkt eit einmannsshow i regi av programleiaren Sten Broman. I den andre perioden vart programmet leia av Sixten Nordström, med god hjelp frå domar Jens Østergaard med assistentdomar Arne Ericsson (1988), Benny Dahl-Hansen (1990-1994) og Rosi Djupsund (1996-1998).
Remove ads
Konsept
Kontrapunkt var eit spørjeprogram som handla om å kjenna igjen klassisk musikk. Dei deltakande bestod av to lag med tre på kvart lag. Det eine laget byrja med å sitja ute på scena, medan det andre byrja i eit lydtett «bur». Dersom laget ikkje tidlegare hadde vorte introdusert, var det ein rask introduksjonsrunde. Når laget var med for andre gong, vart berre namn presenterte. Ettersom alle deltakarane var nordiske, og ettersom dei finske deltakarane var finlandssvenskar, vart svensk (Sverige og Finland), dansk (Danmark og Island) og norsk (Noreg) og blandingar mellom dei tre brukte til å kommunisera.
Etter introduksjonsrunden vart det første musikkdømet spelt. Dette vart i hovudsak gjennomført ved å spela av allereie innspelt musikk. Dette blir avbrote etter 1:45.[1] Deretter gjekk programleiaren til laga for å spørja om komponist, stykke og årstal. Dei som sat på scena vart først spurde om kva dei hadde høyrt, og deretter gjekk turen til buret. Dette gav dei som sat i buret betre tid til å diskutera, så etter tre spørsmål bytt dei to laga plass for å jamna ut fordelen.
I byrjinga var topp poengsum for spørsmåla fire poeng.[2] Dette gjekk seinare over til seks poeng, der tre poeng vart gitt for rett komponist, to for rett verk og eitt for rett tidspunkt. Nøyaktigheita på tidspunktet har variert stort, i 1967 vart 12 års feil godteken, medan i 1992 gav eitt år feil null poeng.[2][3]
I utgangspunktet var programmet eit heilsvensk program, men det vart laga ein norsk variant i 1965, begge med lokallag frå kvart sitt land. I 1967 vart lokallaga samla i større landsdelar som konkurrerte mot kvarandre. Frå 1969 vart det ein nasjonal konkurranse med Noreg, Sverige og Finland. Danmark kom med i 1971 og Island i 1990.
Remove ads
Historie
Dei første sesongane av programmet var lokalgeografiske. Den første sesongen, i 1964, var heilsvensk. Det var ein norsk versjon som vart TV-send i 1965, der finalen stod mellom lokallaga i Musikkens Venner Haugesund og Skien. Finalen vart framført på Centralteateret, og programleiar var Jon Medbøe. Haugesund gjekk av med sigeren i finalen (34,5 mot 19,5), og vann 5000 kroner. På norsk heit programmet «Kontrapunkt».[4]
Sten Broman
Det første tilfellet av skandinavisk samarbeid kom i 1967, igjen med lokallag. Noregs Vestafjelske møtte Svealand, medan Nordafjelske møtte Götaland. Programleiar då, og fram til og med 1980, var komponisten og dirigenten Sten Broman.[5]
I 1967 heitte programmet «Kontrapunkt» på norsk og «Musikfrågan» på svensk.[2] I 1969 vart dette forandra då svenskane slo saman til «Musikfrågan Kontrapunkt».[6] Ettersom dette var ein felles konkurranse, var dette også det offisielle namnet. I 1969 vart også formatet forandra slik at det var landslag, og ikkje lokallag, som kjempa mot kvarandre. Her deltok Noreg, Sverige og Finland med to lag kvar.[6]
Temaet har ofte vore nordisk forbrødring, noko Sten Broman tok opp ved konsekvent å uttala Noreg med hard G, slik det blir gjort på norsk, og ikkje med svensk uttale. Broman understreka også at i Finland var dette eit finlandssvensk program, og derfor sa han «Finland», og ikkje «Suomi».[7] Frå og med fjerde sesong, 1971-72, var det berre eitt lag frå kvart land. Danmark var då også med. Broman dirigerte også i finalane orkesteret som spelte introduksjonsmelodien, elles «La Réjouissance: Allegro» frå Music for the Royal Fireworks av Georg Friedrich Händel.[8] I 1980 vart også finalen forandra på slik at alle laga deltok i finalen. Før dette hadde finalen bestått av dei to laga som var igjen, endå det kunne henda at vinnaren ikkje var nokon av laga som møttest i finalen.[9]
Sixten Nordström
Sten Broman døydde i 1983. Frå 1985, då programmet vart gjenoppteke, vart det leidd av Sixten Nordström. Fleire som var med under Broman var også med under Nordström. Anna-Lena Norlander var til dømes med allereie i fjerde sesong frå 1966, og vart med til og med 1992.
Nytt med Sixten Nordström vart at alle episodane vart spelt inn i same land, og at det var fast hovuddommar og sidedommar, uavhengig av kva lag som deltok. Under Nordström kom også Island med, og i 1992 var alle land med samtidig. Nordström var, som Broman, frå Skåne, og snakka også med markant skånsk dialekt. Han satsa meir på å ha med unge og lovande, eller til tider godt etablerte, musikarar som framførte i studio. Nordström sjølv spelte piano enkelte gonger. Nordström vart beskriven av den norske deltakaren Kjell Hillveg som Nordens modigaste mann som kommentar på at han skulle ta over etter Sten Broman, og Nordström repliserte med at han kanskje var den galnaste.[10]
Medan Broman hadde mange i ein stab som hjelpte han, valde Nordström å gjera all research og velja ut stykke sjølv. Han kommenterte at det mest stressande med å spela inn Kontrapunkt – alle episodane vart spelt inn på ei aktiv veke og så spreidde utover – var tida. Programmet kom før nyheitsprogrammet Rapport, og han hadde derfor lita tid til overs.[11]
Den norske produsenten av serien var Johnny Bergh.
Remove ads
Gullmedaljevinnarar
- 1964: Stockholm (Carl-Gunnar Åhlén, Bengt Paulsson och Carl-Lennart Hagberg)
- 1965: Haugesund (Leif Bendix Jørgensen, Ivar Folgerø og Bjarne Kortsen) - norsk utgåve
- 1966-67: Skåne (Karl-Erik Grape, Anna-Lena Isacson-Norlander och Eric Ross Posslewhite)
- 1969-70: Sverige II (Karl-Erik Grape, Anna-Lena Norlander och Eric Ross Posslewhite)
- 1971-72: Norge (Leif Bendix Jørgensen, Ivar Folgerø og Gudmund Holthe)
- 1976-77: Norge (Leif Bendix Jørgensen, Ivar Folgerø og Gudmund Holthe)
- 1980: Sverige (Roger Edman, Anders Öhnedahl og Kjell Bondestad)
- I 1985 var det et helsvensk program som ble ledet av Sixten Nordström.
- 1988: Norge (Ola Faye, Kjell Hillveg og Trond Jahr)
- 1990: Norge (Kjell Hillveg, Gro Shetelig Kruse og Audun Kayser)
- 1992: Norge (Kjell Hillveg, Gro Shetelig Kruse og Audun Kayser)
- 1994: Sverige (Roger Edman, Evabritt Selén og Paul Christian Sjöberg)
- 1996: Norge (Ola Faye, Lene Grenager og Kjell Hillveg)
- 1998: Finland (Mats Liljeroos, Kari Rydman og Ann-Kristin Schevelew)
Ettermæle
Kontrapunkt var eit populært TV-program som fekk mange tilhøyrarar. 14 år etter at siste sesong vart gjennomført, vart det arrangert ein live versjon med Malmö symfoniorkester og med Sixten Nordström og Paul Christian Sjöberg som deltakarar.[12] Ein rein svensk konkurranse som spreidde seg utover frå rein musikk til kultur, tok namnet «Kulturfrågan Kontrapunkt» i 2017 etter Kontrapunkt.[13][14][15]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
