Fjordsdalen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Fjordsdalen er eit dalføre i Gulen kommune i Vestland. Det ligg sør om Risnefjorden og strekkjer seg i retning nord-sør frå bygda Instefjord til Husevatnet, like nord for fylkesgrensa til Hordaland. Dalen er trong, med bratte dalsider, og i dalbotnen renn Fjordselva. Det høgaste fjellet langs dalen er Lindelifjellet på 745 moh, medan dei fleste andre fjella ligg mellom 600 og 700 moh. Det er ingen busetnad i dalen, unntatt ved Instefjord heilt nedst ved fjorden og ved Husevatnet heilt øvst. Europaveg 39 følgjer dalbotnen over heile strekninga frå Jernfjelltunnelen til Instefjord. 60°57′30″N 05°29′30″E

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads