Fjälkinge

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fjälkingemap
Remove ads

56°2′33.742″N 14°16′26.044″E

Kjappe fakta Land, Areal ...
Thumb
Frå Fjälkinge

Fjälkinge (tidlegare dansk Fjelking) er ein tettstad i Kristianstads kommun i Skåne län i Sverige. Han ligg ca. 8 km aust for Kristianstad ved E22 mellom Kristianstad og Bromölla, og er det femte største tettstaden i Kristianstads kommune. I 2010 hadde tettstaden 1 690 innbyggjarar.

Tettstaden voks fram omkring jernbanestasjonen, som kom til i 1874.

Den mest kjende personen som er fødd i Fjälkinge er Johan Henrik Thomander (17981865), som var professor, biskop, forfattar og representant i Svenska akademien frå 1855 til 1865 på stol nummer 18.

I Fjälkinge er det matvarebutikk, bank, to pizzeriaer, tannlege og frisør. Inntil 1985 var det òg postkontor, brannstasjon og jernbanestasjon i Fjälkinge, institusjonar som etter kvart er blitt nedlagde.

Fjälkinge skule har no elevar frå første til niande klasse, etter at skulen blei utbygd i 1996. Tidlegare blei elevar overførte til andre skuler i kommunen når dei byrja i 7. klasse. Skulen har eigen idrettshall, fotballbane og basketballbane.

Remove ads

Fjälkinge kyrkje

Fjälkinge kyrkje er bygd på slutten av 1100-talet i romansk stil. Kyrkja har eit eige museum som viser ulike gjenstander frå historia til kyrkja. Museumet held ope etter gudstenester eller etter avtale.[1]

Kjelder

Bibliografi

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads