Flagging

From Wikipedia, the free encyclopedia

Flagging
Remove ads

Flagging er det å heisa eit flagg opp på eit flaggstong etter faste reglar og sedvane. Særleg militæret, diplomati, monarki og internasjonale organisasjonar kan ha utfyllande reglar for flaggbruk.

Thumb
Flagging med nordiske nasjonalflagg.
Thumb
Flagging utanfor Ålands lagting.
Thumb
Flagging ved kongeskipet «Norge».

Flaggbruk i Noreg

Flagging ved statlege verksemder

I Noreg finst det ei forskrift om flagging på statlrge bygningar.[1]

§ 4 i forskrifta bestemmer på kva dagar ein skal flagga ved statlege verksemder. Desse dagane er offisielle flaggdagar i Noreg.

§ 6 i forskrifta har reglar om heising og haling av flagget: I månedene mars til og med oktober skal flagget heisast kl. 08.00, i månadane november til og med februar kl. 09.00. Flagget skal halast ved solnedgang, men ikkje senere enn kl. 21.00 om sola går ned senare enn dette. I Nordland og Troms og Finnmark blir flagget heisa kl. 10.00 og hala kl. 15.00 i månedane november til og med februar.

Privat flaggbruk

Det finst ikkje noko lovpålegg for privat bruk av flagget, men det er vanleg praksis å preva å følgja det offentlege reglementet. Ved dødsfall firar ein flagget til halv stong på dødsdagen og bisetjingsdagen. Ein heiser då flagget til topps først og firar det så ned til «halv stong». Halv stong inneber at ein firar flagget ned ein tredel av høgda til stonga, måla frå toppen av flagget. Etter bisetjinga heisar ein flagget til topps att.[2]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads