Flakstad kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Flakstad kyrkje ligg på staden Flakstad i Flakstad kommune i Nordland. Kyrkja er ei krosskyrkje i tre med 300 plassar. Ho vart bygd i 1780 og vølt om i 1872 og 1938. Ho høyrer til Flakstad sokn i Lofoten prosti.
Flakstad kyrkje er første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1413.[1] Ei kyrkje på Flakstad vart bygd i 1430. Ho vart øydelagd av storm på 1700-talet. Den nye kyrkja vart bygd av tømmer frå Russland. Ho vart bygd utanpå den gamle kyrkja. Ei av lysekronene i kyrkja kjem òg frå Russland. Fleire av gjenstandane i dagens kyrkje stammer frå den gamle kyrkja, deriblant to lysekroner, altertavla og preikestolen.
Ein orkan blåste tårnet av kyrkja i 1874. Tårnet vart deretter sett opp i vestenden av kyrkja. Under ombygginga i 1938 vart tårnet sett på plass att midt over kyrkjekrossen, i kyrkjetaket.[1]
Remove ads
Galleri
- Interiør
- Altar
- Preikestol
- Interiør og orgel
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads