Flaming av Pink Floyd
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Flaming» er ein song av det psykedeliske rockebandet Pink Floyd og kom ut på debutalbumet deira The Piper at the Gates of Dawn i 1967. Songen, som er skriven av Syd Barrett, er i hovudsak ein barneliknande leik mellom to vener, derfor «Lazing in the foggy dew». Etter David Gilmour vart med i bandet vart songen verande på spelelista deira ei kort stund i 1968.
Dette var òg den tredje singelen til Pink Floyd i USA. Singelen gjekk ikkje inn på lista. Mono-miksen frå singelen er noko annleis enn andre stereo- eller monoversjonar av songen. Singelen vart gjeven ut i USA i staden for «Apples and Oranges» med «Paint Box» som B-side. Det var den første singelen til Pink Floyd som ikkje vart gjeven ut i Storbritannia. Den andre singelen var «Let There Be More Light».
I songen vert det referert til edderdun, eiderdown. Fleire andre Pink Floyd-songar inneheld òg slike referansar, som «Julia Dream» og «A Pillow of Winds».
«Alone in the clouds all blue
Lying on an eiderdown.
Yippee! You can't see me
But I can you.»
Syd Barrett (1967)
Remove ads
Medverkande
- Syd Barrett – solovokal, elektrisk gitar, 12-strengs akustisk gitar, vokal perkusjon, opptrekkingsleiketøy
- Rick Wright – Hammondorgel, Farfisaorgel, Lowreyorgel, spikerpiano, korvokal, vokal perkusjon, opptrekkingsleiketøy
- Roger Waters – bassgitar, glidefløyte, korvokal, vokal perkusjon, opptrekkingsleiketøy
- Nick Mason – trommer, fingercymbal, opptrekkingsleiketøy
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Flaming (Pink Floyd song)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads