Flamingoar
fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dei seks artane av flamingoar utgjer familien Phoenicopteridae, einaste familien i ordenen Phoenicopteriformes. Dette er selskaplege fuglar som vadar. Dei lever både på den vestlege halvkula og den austlege halvkula, men er mest talrike på den austlege. Det er fire artar i Amerika og to artar i «den gamle verda».
Namnet «flamingo» er frå portugisisk og har slektskap med ordet «flamme».
Remove ads
Skildring
Flamingoar er store fuglar med særs lange bein, lang hals og kraftig bøyg på nebbet. Hannen er større enn hoa.
Flamingokyllingar har grå fjørdrakt, medan farga på drakta hos vaksne individ varierer frå lys rosa til lys raud ettersom innhaldet av vassbakteriar og betakaroten i dietten varierer. Ein flamingo med god tilgjenge på mat får kraftfulle farger og er ein ettertrakta make. Ein kvit eller bleik flamingo er derimot usunn eller underernært. Flamingoar i fangenskap er eit unnatak, om dei ikkje får fôr med same innhald av karoten som frie fuglar slår dei over i ei bleik rosa farge.
Remove ads
Liste av artar
Flamingoar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Slekt Phoenicopterus
- Raudflamingo, Phoenicopterus ruber, American Flamingo
- Rosenflamingo,[3] Phoenicopterus roseus, Greater Flamingo
- Chileflamingo, Phoenicopterus chilensis, Chilean Flamingo
- Dvergflamingo, Phoenicopterus minor, Lesser Flamingo
Slekt Phoenicoparrus
- Andesflamingo, Phoenicoparrus andinus, Andean Flamingo
- Punaflamingo , Phoenicoparrus jamesi, James's Flamingo
Remove ads
Biletgalleri
- Raudflamingo i National Zoo Washington, DC.
- Dverglamingoar i flukt
- Raudflamingo ein dyrepark i Frankfurt, som sannsynlegvis søv
- Raudflamingo med egg
- Raudflamingo med unge
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads