Flash Gordon av Queen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Flash Gordon er det niande studioalbumet og det første filmmusikkalbumet til det britiske rockebandet Queen, og er eitt av to filmmusikkalbum dei produserte, i la gmed Highlander. Musikken vart nytta i science fiction-filmen Flash Gordon, og det er berre tekst på to songar. «Flash's Theme» var den einaste singelen frå albumet, kalla «Flash». Albumet nådde 10. plassen på den britiske albumlista og 23. plassen i USA.
Remove ads
Bakgrunn
Det finst to versjonar av opningssporet. Albumversjonen («Flash's Theme») er nytta i starten av filmen med delar av dialogen frå den første scenen. Singelversjonen («Flash») nyttar delar av dialogen frå forskjellige delar av filmen, mellom anna Brian Blessed (som spelar rolla som Prince Vultan) som ropar «Gordon's Alive!». Denne versjonen var òg på Greatest Hits i 1981. Singelen nådde toppen av singellista i Austerrike. Songen er kjend for den pumpande, repeterande basslinja og den særs humoren.
Alle utanom to spor på albumet («Flash's Theme» og «The Hero») er instrumentale, men dei fleste har dialog henta frå filmen. Det vert nytta mykje synthesiserar på albumet, noko Queen først hadde byrja å bruke på det førre albumet deira, The Game, men då i mykje mindre grad.
Side A av albumet, utanom opningssporet og Freddie Mercury sin «Football Fight» (som var B-sida til singelen «Flash»), består hovudsakleg av synthesiser, vokal, gitar og tromme, skriven og framført av Mercury, Roger Taylor og John Deacon. Side B, som startar med liknande komposisjonar av Deacon og Taylor, er hovudsakleg basert på meir rockebaserte tema, hovudsakleg «Flash's Theme» og «Battle Theme», skriven og arrangert av Brian May. Det siste sporet, «The Hero», er ein eigen song, men repeterer begge motiva. Forskjellige versjonar av songen vart nytta over rulleteksten til filmen.
Det meste av musikken på albumet vart framført av Queen, og berre to korte fragment av orkestermusikken til Howard Blake (i «The Kiss» og «The Hero») er med på albumet.
All musikk vart spelt inn frå oktober til november 1980, utanom to spor («Football Fight» and «The Kiss») som vart spelte inn i februar-mars 1980 under innspelinga av The Game.
Remove ads
I popkulturen
«Flash's Theme», «Football Fight», «Battle Theme» og «The Hero» vert alle nytta i komedien Ted frå 2012, som nyttar Flash Gordon som eit subplot.
Innhald
Medverkande
- Freddie Mercury - solo- og korvokal, synthesiser, piano, klaverinstrument
- Brian May - lead gitar, korvokal, synthesiser, piano på «Flash's Theme» og «The Hero», solovokal på «Flash's Theme», gitarorkestrering på «The Wedding March»[7]
- Roger Taylor - trommer, pauke, korvokal, synthesiser
- John Deacon - bassgitar, rytmegitar, synthesiser
- Andre
- Orkesterarrangement av Howard Blake
Lister og salstrofé
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads