Flash av Jeff Beck
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Flash er eit studioalbum av gitaristen Jeff Beck, gjeve ut i juli 1985 på Epic Records.[5] Albumet nådde 39. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista[8] og gjekk inn på topp 60 i fire andre land.[9] To singlar gjekk òg inn på listene. Den førte var eit samarbeid med songaren Rod Stewart (som hadde sunge i Jeff Beck Group) på ein versjon av «People Get Ready» av The Impressions. Denne nådde femteplassen på Billboard's Mainstream Rock og 48. plassen på Hot 100, og topp 40 i fire andre land. Den andre singelen, «Gets Us All in the End», nådde 20. plassen på Mainstream Rock-lista. Den instrumentale «Escape» vann Grammyprisen for besste rockeinstrumental i 1986,[10][8] den første av mange Grammyprisar Beck har fått i denne klassen.
Remove ads
Remove ads
Oversyn
Albumet er unikt i Beck-samanhengen fordi det hovudsakleg består av vokale songar, utanom dei to instrumentalane «Escape» og «You Know, We Know» (høvesvis kvar skriven av dei langvarige samarbeidspartnarane Jan Hammer og Tony Hymas). Albumet vart spelt inn med då moderne 80-talsproduksjon og vart rekna som eit popalbum. Det vart produsert av Nile Rodgers. Beck song til og med på «Get Workin'» og «Night After Night», etter Rodgers insisterte.[11] På «Ambitious» og «People Get Ready» spelte Beck på ein Jackson Soloist-gitar, i staden for den vanlege Fender Stratocaster-gitaren sin.[12] Trass i at albumet vart ein suksess, har Beck sidan uttrykt misnøye med albumet og kalla det ein «plateselskapstabbe» og «ei trist tid» for han.[11][13]
CD-utgåva av Flash inneheld to bonusspor, «Nighthawks» og «Back on the Streets», som begge opphavleg vart gjevne ut som B-sider. Ein annan song frå innspelinga av albumet, «Wild Thing» (ein song av The Troggs), kom berre ut på ein promosingel og aldri på albumet,[14] men kom sidan ut på samlealbumet Beckology i 1991.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Jeff Beck – solovokal (spor 6, 8), gitar, produksjon (spor 3, 4, 9, 11)
- Jimmy Hall – solovokal (spor 1, 2, 5, 7, 10), bakgrunn vokal
- Rod Stewart – solovokal (spor 4)
- Karen Lawrence – solovokal (spor 11)[4]
- Jan Hammer – Fairlight CMI (spor 3)
- Tony Hymas – klaverinstrument (spor 9), produksjon (spor 9)
- Duane Hitchings – klaverinstrument
- Robert Sabino – klaverinstrument
- Carmine Appice – trommer
- Jay Burnett – trommer
- Jimmy Bralower – trommer
- Barry DeSouza – trommer
- Tony «Thunder» Smith – trommer
- Doug Wimbish – bass
- Tina B – korvokal
- Curtis King – korvokal
- David Simms – korvokal
- Frank Simms – korvokal
- George Simms – korvokal
- David Spinner – korvokal
- Teknisk
- David Charles – lydteknikar
- Jason Corsaro – lydteknikar
- Eddie DeLena – lydteknikar
- Rob Eaton – lydteknikar
- Chris Lord-Alge – lydteknikar
- Tom Lord-Alge – lydteknikar
- Eric Mohler – lydteknikar
- Tony Tavener – lydteknikar
- Nigel Walker – lydteknikar
- Andy Wallace – lydteknikar
- Nile Rodgers – produksjon (spor 1, 3, 5, 6, 8, 10)
- Arthur Baker – produksjon (spor 2, 7)
Salslister
Album
Singlar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads