Flatdal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Flatdal er ei bygd, ein dal og eit kyrkjesokn i Seljord kommune i Telemark. Gjennom dalen renn elva Flatdøla som nedst dannar vatnet Flatsjå, og er ein del av Skiensvassdraget.
Nedst ved Flatsjå er dalen smal, med bratte fjell på sidene, på vestsida her ligg Skorve. Lenger oppe vidar han seg ut og den flate dalbotnen er omgjeven av skogkledde dalsider. Elvesletta, som utgjer dalbotn, er lettdrive jordbruksland, men ved stor vassføring vart det flaum og nedste del av dalen vart ofte lagd under vatn. Av den grunn vart busetjinga samla i Flatdalslandsbyen der det er 40 gardsbygningar fordeld på ti gardstun, eit stykke opp i dalen. Elva er no regulert. Ved Flatdalslandsbyen ligg Flatdal kyrkje frå 1654.
Remove ads
Andre nettstader
Kjelder
Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads