Skorve
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Skorve er eit fjell i Seljord kommune i Telemark. Fjelltoppen (Gøysen) har ei høgd på 1370 moh. og ein primærfaktor på 760 meter. Austsida av fjellet er avgrensa av Flatdal og på vestsida av Kivledalen.
Det er merka turløyper over fjellet, dei mest populære turstiane går frå Kivledalen.
Remove ads
Spådomsnuten
På austsida av Skorve ned mot Flatsjå er det ein del av fjellet som vert kalla Spådomsnuten. Og det vert sagt at den dagen tre systrer frå Flatdal gifter seg på same dagen vil denne delen av fjellet rase ut i Flatsjå. Andre seier at det skal skje når det har vorte by mellom Vallaråi og Bygdaråi. Då vil det oppstå ei flodbølgje som skyler innover heile Flatdal og heilt opp til Nutheim, i følgje segna.
Remove ads
Flyvrak
Under den andre verdskrigen den 9. september 1944 styrta eit alliert fly av typen B24 Liberator like under Gøysen. Flyet skulle levere forsyningar til heimestyrkane.
16. oktober 1944 styrta eit tysk passasjerfly av typen Ju52-3/m på Hestnutan. 15 personar omkom.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads