Flisabåt

Norsk tømmerfløytarbåt From Wikipedia, the free encyclopedia

Flisabåt
Remove ads


Flisabåt er ein klinkbygd båtype som har vorte bygd for tømmerfløyting i elva Flisa. Ho renn i kommunane Åsnes, Våler og Elverum i Innlandet.

Thumb
Flisabåt brukt under tømmerfløyting i elva Flis i 1981

Etter at eldre båtbyggarar langs Glomma slutta, tok Glomma fellesfløtingsforening ansvar for vedlikehald og bygging av nye båtar. Dei fekk i gong eige båtbyggeri på Flisa. Ein del fløytatar fekk her arbeid utanom tømmerfløytesesongen. Båtbyggeriet på Flisa leverte kring 15 robåtar kvart år.

Kring 1929 utvikla John Dybendal i Åsnes ein båttype med utgangspunkt i fossumbåten, som vart bygd i Heradsbygda i Elverum. Denne nye båten vart brukt i elva Flisa. Kjølbåtane i Innlandet er flatbotna, og har grunn kjøl[1].Flisabåten var kortare og flatare i botnen enn fossumbåtenmen hadde noko djupare kjøl. Sidan han vart laga for Flisaelva vart han kalla flisabåt.[2]

Remove ads

Konstruksjon

Då fløyting i Glomma, og tilhøyrande sideelvar, gjekk mot slutten, i 1984, fekk Norsk skogmuseum dokumentert bygging av flisabåt. Han vart bygd i i Glomma fellesfløtingsforenings verkstad på Flisa.

Flisabåtane har vorte bygde etter malar av alle delane til båten. Tverrmalar vart festa til kjølen. Det var og malar til bordgangane. Dei var heile, frå stamn til stamn, noko som har vore vanleg i Trysil og langs Glommavassdraget.[1]

Flisabåtane vart bygde «lause», kjølen var ikkje festa til underlaget. Det gjorde at båten kunne vippast over, alt etter kva side det skulle arbeidast på. Båtane vart først bygd med naturleg krokvakse band (vrenger). Etter kvart gjekk John Dybendal over til å bruke jernvrenger. Både tre- og jernvrengene vart utforma ut frå malar. Dei vart festa til båthuda med skruar.[2] Flisabåten har eit årepar. Årefeste/keipane er festa til tredje bandet.

Remove ads

Flisabåt under bygging

Bilde frå bygging av dei siste flisabåtane bygde i 1984 i Glomma fellesfløtingsforening sitt båtbyggeri på Flisa. Bilda er tekne av Ole-Thorstein Ljøstad.

Remove ads

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads