Jon Gudbjørn Dybendal
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jon Gudbjørn Dybendal (21. september 1904–3. mai 1985) var ein norsk politikar frå Åsnes i Innlandet. Han representerte Arbeidarpartiet. Av yrke var han snikkar, båtbyggjar og småbrukar.

Dybendal var ordførar i Åsnes frå 1945 til 1963. Frå 1964 til 1973 vart han rådmann i kommunen. I ordførartida arbeidde han mellom anna med å få vidaregåande skole til Åsnes.[1]
Jon Dybendal var vararepresentant på Stortinget frå Arbeidarpartiet i Hedemark i 1961–1965. Han møtte på Stortinget i 145 dagar.
Dybendal er kjend som båtbyggjar. Han har fått æra av å ha utvikla flisabåten, ein robåt som med utgangspunkt i eldre fløytarbåtar i Glomma, vart tilpassa bruk under tømmerfløyting i elva Flisa. Dette var kring 1929. Båtane vart bygde med malar til alle båtdelar. Båtane vart bygde laust, slik at dei kunne svingast rundt under bygging.[2]
Remove ads
Fotnotar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads