Fogn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fogn
Remove ads

Fogn er ei øy i Stavanger kommune i Rogaland. Øya er særleg kjend for storstilt dyrking av tomat i veksthus. Det bur kring 350 menneske fast på Fogn.[1]

Thumb
Fogn i Finnøy
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...

Innbyggjarane har eigen barnehage og ein skule som gjev undervisning til og med 7. klasse. Frå og med 8. klasse må elevane ta båten til ungdomsskulen, som ligg på Finnøy. Øya har ein butikk.

Fogn har òg eit aktivt idrettsmiljø med fotball som hovudaktivitet. Fogn sitt A-lag ligg i 6. divisjon.

Øya har mange hytter, og på sommarstid er innbyggjartalet mykje større enn elles på året.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads