Follow You Follow Me

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Follow You Follow Me» er ein song frå 1978 av Genesis. Musikken vart skriven av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford, med tekst av Rutherford.[2] Han vart opphavleg gjeven ut på albumet …And Then There Were Three…, og så som singel. Singelen vart den første av Genesis som slo igjenn i USA med topplassering på 23. plass. Singelen nådde òg 7. plass i Storbritannia.[3] Singelen bana veg for den meir radiovennlege retninga Genesis kom til å ta det neste tiåret.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

Den langsamare, sentimentale «Follow You Follow Me» var eit steg til side for det Genesis hadde laga av musikk til no, og skilde seg òg ut frå resten av albumet med ein enkel melodi, romantisk tekst og ein vers-refreng-struktur. Sjølv om tidlegare album òg hadde inneheldt kjærleiksballadar, som «More Fool Me» på Selling England by the Pound og «Your Own Special Way» frå Wind & Wuthering, vart «Follow You Follow Me» den første store popsuksessen til Genesis. Bandet var samde om at dei hovudsakleg hadde mannlege fans i publikum og skreiv denne songen spesifikt retta mot kvinner.[4]

Remove ads

Komposisjon

Songen starta med ein akkordsekvens av gitarist Mike Rutherford, som òg hevdar han skreiv teksten på kring fem minutt. På den tida skreiv bandet vanlegvis songar kvar for seg, men denne songen skal ha vorte skrive i samarbeid mellom heile bandet.[2]

Musikkvideo

Musikkvideoen for songen var ei framføring av bandet, som dei mima til. Denne kom sidan ut på DVDenThe Video Show.

Medverkande

Andre versjonar

  • Tidlegare Genesis-songar Ray Wilson spelar songen akustisk på soloalbumet hans Ray Wilson Live.
  • Songen vart spelt av det amerikanske bandet Red House Painters for den første utgva av Badman's Shanti Project Collection Arkivert 2007-12-12 ved Wayback Machine..
  • Eurodisco-duoen Marx & Spencer spelte inn songen i 1984.
  • Songen er nytta i fjernsynsserien Cold Case (sesong 1 episode 12, «Glued»), og kan høyrast ei kort stund i filmen I Now Pronounce You Chuck and Larry frå 2007.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads