Fonetikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fonetikk (av gresk φωνή phōnḗ 'lyd'), òg kalla lydlære eller språklydlære, er ei grein av lingvistikken som omfattar læra om språklydar. Som vitskapleg disiplin freistar fonetikken å skildre og forstå fenomen og prosessar i tale som er aktive når menneske snakkar saman - eller freistar å snakke saman. Fonetikk er såleis studiet av korleis mennesket produserer språklydar, korleis desse språklydane breier seg som lydbølgjer og korleis mennesket oppfattar desse lydbølgjene. Fonetikken står i eit kryssingspunkt mellom lingvistikk, anatomi, fysiologi, aerodynamikk, akustikk og psykologi.[1]


Remove ads
Hovudgreinene av fonetikken
Sidan fonetikk er studiet av korleis mennesket produserer språklydar, korleis desse språklydane breier seg som lydbølgjer og korleis mennesket oppfattar desse lydbølgjene, er det vanleg å rekne med at fonetikken har tre hovudgreiner:
- Artikulatorisk fonetikk er studiet av taleproduksjonen, det vil seie korleis mennesket nyttar taleorgana for å frambringe språklydar
- Akustisk fonetikk er studiet av lydbølgjene som blir danna når mennesket nyttar taleorgana.
- Auditiv fonetikk er studiet av korleis desse lydbølgjene blir oppfatta med høyrsleorgana og hjernen.
Remove ads
Bibliografi
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads