Fool's Mate

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Fool's Mate er debutalbumet til Peter Hammill frå det progressive rockebandet Van der Graaf Generator som soloartist. Tittelen er både ein referanse til sjakk og tarot. Det vart spelt inn i Trident Studios med den faste produsenten der, John Anthony. Albumet vart spelt inn i 1971, midt i ein av dei mest aktive periodane til Van der Graaf Generator. Hammill brukte albumet til å spele songar han hadde til overs, som var både kortare og enklare songar enn dei han skreiv for Van der Graaf Generator, og skreiv på det originale plateomslaget: «Dette er ikkje meint å vere ei slags melding om den noverande musikalske stillinga mi, men samstundes er det eit album som involverer ein stor del av meg, hovudsakleg eit tilbakeblikk på røtene mine.»

Meir informasjon Peter Hammill-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Gjestemusikarar på albumet var medlemmar av Van der Graaf Generator, medlemmar frå Lindisfarne og gitaristen Robert Fripp.

Den britiske musikkpressa var generelt særs positive til Fool's Mate. Melody Maker såg det som eit av årets album.

Plateomslaget var designa av Paul Whitehead, som òg laga omslaga til Van der Graaf Generator på den tida og andre band på Charisma, som Genesis.

Fool's Mate inneheld ein av dei mest populære kjærleikssongane til Hammill, «Vision», som han framleis speler på konsertane sine. Både «Vision» og «The Birds» var omarbeidde for Hammill-albumet The Love Songs i 1984.

I 2005 kom Fool's Mate ut på ny med ommastra lyd på EMI Virgin Records, med fleire bonusspor.

Remove ads

Innhald

Alle songane skrivne av Peter Hammill; utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Frå plateomslaget.[2]

  • Peter Hammill – all solovokal (1-12); akustisk gitar, piano (1-4, 6-10, 12)
  • Guy Evans – trommer, perkusjon (1, 3, 6, 7, 9, 11)
  • Martin Pottinger – trommer (1, 2, 4, 10)
  • Hugh Banton – piano, orgel (1, 3, 5-9, 11)
  • Rod Clements – bass, fiolin (2, 4, 10)
  • Nic Potter – bass (1, 3, 6-9, 11)
  • Ray Jacksonmunnspel, mandolin (2, 4, 10)
  • David Jackson – alt- og tenorsaksofon, fløyte (1, 3, 6-8, 10)
  • Robert Fripp – elektrisk gitar (1, 7, 8, 10-12)
  • Paul Whiteheadtam tam (10)
  • Fluctuating Chorale: Guy, Hugh, Dave, Ray, John, Norman, Alastair, John, Peter

Teknisk

  • John Anthony – produsent
  • Robin Cable – lydteknikar (Trident Studios, London)
  • Paul Whitehead – plateomslag
  • Sebastian Rich – fotografi
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads