John Anthony

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

John Anthony (fødd 3. desember 1944) er ein engelsk plateprodusent. Han har arbeidd med Van der Graaf Generator, Genesis, Queen, Roxy Music og Peter Hammill.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Karriere

Anthony var fødd i North Shields. Han byrja i 1966 som DJ i Windsor, der han to år seinare ei kort stund var songar i dei to banda The Soul Agents and Hogsnort Rupert og The Good Good Band.[1] Etter han flytta til London, arbeidde han som DJ på The Roundhouse, UFO Club, og Middle Earth, og så i 1968 på Speakeasy.[2] Etter å ha produsert og spelt inn demo for Yes i 1968, start han karrieren som plateprodusent,[2] og produserte sidan alle artistane under «Six Bob Tour» i 1971, som mellom anna var Genesis, Lindisfarne og Van der Graaf Generator.[3] Han sa om det å produsere musikk: «Det finst ein riktig måte å gjere eit album, og fire hundre feil måtar.»[4]

I 1969 arbeidde han som talentspeidar for Mercury Records i London og signerte kontrakt med og produserte Smile, med bandmedlemmane Brian May og Roger Taylor som seinare spelte i Queen.[5] Ved Mercury vart Anthony spurt av Lou Reizner om å produsere eit album av Van der Graaf Generator. Tony Stratton-Smith, manager for VdGG, vart så imponert over resultatet, The Aerosol Grey Machine, at han hyrte Anthony som talentspeidar og produsent i det nydanna Charisma Records.[6] Seint i 1971 skipa Anthony Neptune Productions, sitt eige produksjonsselskap med eigarane av Trident Studios og signerte Queen til Neptune seint i 1971.[7] I 1973 høyrde Anthony og produsenten Roy Thomas Baker eit demoopptak av Queen og valde å hjelpe dei å produsere debutalbumet, Queen (1973).[8]

Anthony flytta til USA i 1975 og vart talentspeidar ved A&M Records i New York,[9] der han signerte Garland Jeffreys og The Stranglers. Anthony forlét plateindustrien tidleg i 1980-åra.

Remove ads

Diskografi

Meir informasjon Dato, Artist ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads