Forbrukar- og administrasjonsdepartementet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Forbrukar- og administrasjonsdepartementet er eit tidlegare norsk departement.
Departementet vart oppretta den 8. mai 1972,[1] under Regjeringa Bratteli I.
Departementet kom for ein stor del i staden for Familie- og forbrukardepartementet, som vart lagt ned samtidig.[1] Inger Louise Valle, som hadde vore statsråd i Familie- og forbrukardepartementet vart den første statsråden i det nyoppretta Forbrukar- og administrasjonsdepartementet.
Departementet vart lagt ned under Regjeringa Syse, den 31. desember 1989.[1] Frå 1. januar 1990 vart familie- og forbrukarsakene behaldne i det nye Familie- og forbrukardepartementet. Frå same dag vart administrasjonssakene saman med arbeidssakene frå Kommunal- og arbeidsdepartementet ført over til det nyoppretta Arbeids- og administrasjonsdepartementet.
Remove ads
Historie
Departementet har fleire gongar skifta namn og delvis oppgåver.
- Familie- og forbrukardepartementet 21. desember 1956–7. mai 1972
- Forbrukar- og administrasjonsdepartementet 8. mai 1972–31. desember 1989
- Familie- og forbrukardepartementet 1. januar 1990–31. desember 1990
- Barne- og familiedepartementet 1. januar 1991–31. desember 2005
- Barne- og likestillingsdepartementet 1. januar 2006–31. desember 2009
- Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet 1. januar 2010–[1]
Remove ads
Sjå også
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads