Forbrukarrådet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Forbrukerrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon som hjelper forbrukarane og påverkar styresmakter og næringsliv i ei forbrukarvennleg retning gjennom rettleiing av forbrukarar, forbrukarpolitikk og marknadsportalar. Rådet vart stifta i 1953 for å gi styresmaktene råd på vegner av forbrukarane. Forbrukerrådet gav tidlegare ut bladet Forbrukerrapporten. Bladet kom ut for første gong i 1958 og vart lagt ned vinteren 2010, etter 52 år i drift.

Kjappe fakta Org.form, Org.nr. ...

Forbrukerrådet er statleg finansiert, men fristilt politisk frå overordna departement (Barne- og familiedepartementet), med særskilde fullmakter, eige styre og eigne vedtekter fastsette ved kongeleg resolusjon. Direktør i Forbrukerrådet er Inger Lise Blyverket. Forbrukerrådet sitt styre blir leia av Anne Kathrine Slungård.

Remove ads

Oppgåver

Forbrukerrådet må ikkje bli forveksla med Forbrukartilsynet (tidlegare Forbrukarombodet). Medan Forbrukerrådet driv rådgjeving og politisk arbeid, fører Forbrukartilsynet tilsyn med marknadsføring og avtalevilkår, etter mellom anna marknadsføringslova. Frå 1. januar 2020 vart tvisteløysingsarbeidet flytta frå Forbrukerrådet til Forbrukartilsynet,[1] det same vart Forbrukar Europa.

Klagenemnder

Forbrukerrådet er representert i ei rekke klagenemnder, slik som Finansklagenemnda, Boligtvistnemnda, Transportklagenemnda og Parkeringsklagenemnda.[2]

Remove ads

Forbrukarpolitikk

Ei av Forbrukerrådet si oppgåver er å drive interessepolitisk arbeid mot styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande og å setje forbrukarspørsmål på dagsorden i samfunnsdebatten. I nokre tilfelle er ikkje regelverket godt nok, og då jobbar Forbrukerrådet politisk med å styrke det rettslege forbrukarvernet. I andre tilfelle går arbeidet ut på å påverka korleis konkurransesituasjon og marknader fungerer. Dei prioriterte politikkområda i strategiperioden 2021–2025 er skifta til eit berekraftig samfunn, digital utvikling og økonomisk sårbarheit.[3]

Remove ads

Samanlikningstenester

Forbrukerrådet har verktøya finansportalen.no[4] og strømpris.no,[5] som har som mål å gi forbrukarane korrekt, oppdatert og samanliknebar informasjon om prisar på bustadlån, forsikringar, pensjon og straum. Dette ut frå eit syn om at pris- og kvalitetsbevisste forbrukarar bidrar til auka konkurranse, rette prisar og effektivitet i økonomien. Portalane skal gjere det vanskelegare å utnytte forbrukarane sin manglande kunnskap om marknaden.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads