Anne Kathrine Slungård

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Anne Kathrine Slungård
Remove ads

Anne Kathrine Slungård (fødd 14. januar 1964) er ei norsk offentleg tenestekvinne, næringslivsleiar og politikar for Høgre. I 1998, då ho var 34 år gammal, blei ho den yngste ordføraren i Trondheim kommune i historia. Ho avslo å bli statsråd eller stortingsrepresentant, og gjekk i 2003 ut av politikken og over til næringslivet.[1] I 2020 blei ho administrerande direktør for Trondheim Symfoniorkester og Opera (TSO).[2]

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...
Remove ads

Liv og virke

Bakgrunn

Slungård vaks opp i Meråker i Nord-Trøndelag, der familien dreiv sagbruk. Heime fekk ho også interesse for vinteridrett og politikk. Ho gjekk idrettslinja ved Oppdal videregående skole og allmennfagleg linje ved Ringve videregående skole, og studerte økonomi, marknadsføring og kommunikasjon ved TØH og BI.[3][4][5]

Politikken

Slungård leia Sør-Trøndelag Unge Høgre mens ho gjekk idrettslinja, og sat i sentralstyret til Unge Høgre 1984–1986. Ho var tilsett som fylkessekretær i Nord-Trøndelag Høgre 1988–1991, og blei sidan tilsett som politisk rådgjevar for ordførar Marvin Wiseth i Trondheim. Slungård blei vald inn i Trondheim bystyre i 1995, og våren 1998 tok ho over som ordførar etter Wiseth. I 2003 gjekk ho ut av bystyret. Slungård var medlem av sentralstyret til Høgre 2002–2004.

Nærings- og organisasjonliv

Slungård var kommunikasjonsdirektør i SINTEF 2004–2005, dagleg leiar i Total Consult Trondheim i 2005, marknadsdirektør i Entra Eiendom 2005–2009, administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap 2010–2016[6] og rådmann i Stjørdal kommune 2017–2019.[7] I 2020 blei ho administrerende direktør for Trondheim Symfoniorkester og Opera (TSO).[2]

Slungård har hatt ei rekkje styreverv i næringslivet, deriblant i SIVA, Statskog, Vital Forsikring, Siemens, Meråker Utvikling (Merut) og Adresseavisen, i tillegg til bedriftsforsamlinga i Statoil.[8][9] Slungård leia Statoils valkomité 2002–2007.

Slungård har vore visepresident i Polyteknisk Forening, visepresident i Norges Skiforbund og medlem av Kringkastingsrådet.[6]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads