Samskipnad

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Foreining, samskipnad eller selskap er ein ikkje-kommersiell organisasjon, samanslutning eller eit samfunn av fagpersonar eller interesserte som har ei felles interesse, sak eller eit fagområde dei ønskjer å fremja, gjerne av ein kulturell eller ueigennyttig karakter.

Selskap

For meir om dette emnet, sjå selskap.

Ordet «selskap» er danna av det gamle tyske selle, som tyder ‘kamerat’, og viste opphavleg til «ei samling av venner». På gammalnorsk heitte det selskapr.

Før blei gjerne uttrykket «selskap» brukt om foreiningar som vitskaplege eller litterære selskap. Frå slutten av 1700-talet og framover oppstod det i ei rekkje vitskaplege akademi og selskap i Europa, alt frå Royal Geographical Society til Selskapet for Psykisk Forskning og Det tyske selskapet for rasehygiene. Også i Noreg er det mange døme på samfunn og ideelle foreiningar med ordet selskap i namnet, blant dei Det Kongelige Selskap for Noregs Vel, Norsk-Tysk Selskap, Norsk Fysisk Selskap, Norsk Astronomisk Selskap, Norsk Skipsfartshistorisk Selskap, Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning, Norsk Bok- og Bibliotekhistorisk Selskap, Norsk Fuchsia Selskap og koret Oslo Chorale Selskap.

Remove ads

Klassifisering

I det norske Einingsregisteret blir «ideell organisasjon» definert som «konsumentorienterte organisasjonar utan profittformål» – anten private eller offentlege.

Kjelder

Litteratur

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads