Forever Young av Rod Stewart
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
«Forever Young» er ein song av Rod Stewart og den andre singelen frå Out of Order i 1988. Songen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 og sjuandeplasssen på den kanadiske RPM-lista.
Strukturen i teksten til songen er særs lik Bob Dylan-songen med same tittel.[1] Då songen var ferdig og likskapen vart oppdaga, vart songen send til Dylan for å høyre om han hadde problem med dette. Dei to mennene vart samde om å dele eigarskapen til songen og honorara Stewart fekk for han.[2]
Stewart skreiv songen med to av medlemmane i bandet sitt: gitaristen Jim Cregan og klaverspelaren Kevin Savigar.
Stewart spelte inn ein rolegare versjon av songen i 1996 for samlealbumet If We Fall in Love Tonight, og ein versjon med Stewart på vokal og pianoakkompagnement finst på samlealbumet The Rod Stewart Sessions 1971-1998 frå 2009. Eit konsertopptak vart gjort for MTV Unplugged i 1993, men dette kom ikkje med på albumet etter konserten, Unplugged...and Seated. Han kom seinare ut som bonusspor på dette albumet i 2009. Eit anna konsertopptak frå 2013 på The Troubadour i West Hollywood kom ut på luksusutgåva av albumet Time.
I musikkvideoen til songen syng Stewart songen til eit barn på landsbygda i Amerika.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads