Forewick Holm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Forewick Holm (òg kalla Forvik Island) er ei lita øy i Sound of Papa i Shetlandsøyane i Skottland[1] mellom Papa Stour og Sandnesshalvøya.
Remove ads
Plassering
Øya ligg om lag 200 meter sør for neset Forewick Ness på Papa Stour og 1,5 km nord for Melby på Sandnesshalvøya.
Den vesle holmen Scarf's Head er landfast med Forewick Holm ved lågvatn.
Namn
Øya heiter offisielt Forewick Holm men eigaren Stuart Hill gav ho namnet Forvik Island, som på norsk tyder «sauevik-øya».[2] Wick er ei anglisering av vik.
Historie
Ein kjenner ikkje til at det har vore permanent busetnad på øya nokon gong, noko storleiken på berre 1 hektar har gjort sitt til. Det er likevel spor etter ein sirkelforma konstruksjon heilt søraust på øya, som kan vere alt frå ein saueinnhegning til ein bygning frå piktisk tid.[3]
SS «Highcliffe» forliste ved øya den 6. februar 1940. Skipet og lasta vart øydelagd, men ingen liv gjekk tapt.[4]
21. juni 2008 erklærte Stuart Hill at Forvik skulle vera ein britisk kronkoloni og dermed ein uavhengig administrasjon, ei av dei britiske øyane, utan å vera del av Storbritannia eller EU.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads