Forfar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Forfar
Remove ads

Forfar er ein by i regionen Angus i Skottland og er administrasjonssenter i regionen. Han har kring 13000 innbyggjarar. Tidlegare heitte regionen Forfarshire etter denne byen.

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...
Remove ads

Forfar er marknadsby for landbruket i Strathmore i det sentrale Angus. Han er kjent for Forfar Bridies, ein halvrund pai fylt med kjøttdeig og lauk.

Byen ligg rett ved A90, vegen mellom Perth og Aberdeen. Han gjekk tidlegare rett gjennom byen, men det er laga ein ringveg for å føre trafikken utanom. Jernbanestasjonen til byen vart stengd i 1967.

Remove ads

Historie

Historia til byen går tilbake til før romersk tid. Ein veit at piktiske leiarar møttest i ei festning ved Forfar for å planleggje korleis ein skulle slå tilbake dei invaderande romarane.

I 1215 vart dottera til leiaren av MacWilliam-klanen myrda på marknaden i Forfar, fordi faren hennar hevda at ho hadde arverett på grunn av slektskapar til Duncan II av Skottland. Ho var enno berre eit spedbarn då motstandarane til faren knuste hovudskallen hennar.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads