Fork in the Road

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Fork in the Road er det 33. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut 7. april 2009 på Reprise Records.[10] Albumet kom ut på vinyl 26. juli 2009.

Meir informasjon Neil Young-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet var inspirert av Young sin Lincoln Continental som han hadde bygd om til å gå på biodiesel og bakgrunnen til Young i Lincvolt-prosjektet han arbeidde på i lag med mekanikaren Jonathan Goodwin. Prosjektet gjekk ut på å utvikle eit levedyktig elektrisk motorsystem for bilar. Young sin Lincoln Continental frå 1959 var prototypen deira. Ein dokumentarfilm produsert av Larry Johnson følgde den første lengre turen til denne elektriske bilen på veg til Washington, DC.

I november 2010 starta bilen ein brann som førte til skadar på over ein million dollar på eit varehus og eigedelar som Young hadde lagra der. Young skulda på menneskeleg svikt og sa at han og teamet hans ønsket å byggje opp att bilen.[11]

Young vart nominert til Grammy-prisen for beste rockesong for soloartistar for «Fork in the Road» i 2010.[12]

Albumet nådde 19. plass i USA, 22. plass i Storbritannia, og i Noreg gjekk det heilt til topps på VG-lista, som einaste land i verda.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Neil Young

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

  • Produsert av «The Volume Dealers» (Neil Young og Niko Bolas)
  • Innspelt og miksa av Niko Bolas
  • Neil Young – elektrisk og akustisk gitar, vokal
  • Ben Keith – lapsteelgitar, elektrisk gitar, Hammond B-3 orgel, vokal
  • Anthony Crawford – elektrisk og akustisk gitar, piano, Hammond B-3 orgel, vokal
  • Pegi Young – vibrafon, akustisk gitar, vokal
  • Rick Rosas – bass
  • Chad Cromwell – trommer
  • Larry Cragg – gitarteknikar
  • Don McAulay – trommeteknikar
  • Craig Roberts – gitarteknikar
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (2009), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads