Den finske framhaldskrigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den finske framhaldskrigen vart utkjempa mellom Finland og Sovjetunionen under den andre verdskrigen. Framhald- viser til at krigen vart rekna for eit framhald av den finske vinterkrigen. På finsk er namnet jatkosota, på svensk finska fortsättningskriget eller berre fortsättningskriget. Krigen er rekna å ha vart frå sovjetiske bombeåtak den 25. juni 1941 til våpenstillstand den 4. september 1944 (på finsk side) og 5. september (på sovjetisk side). Storbritannia erklærte krig mot Finland den 6. desember 1941, men førte ikkje krig. I Sovjetunionen var krigen rekna som berre ein av frontane i den store fedrelandskrigen. Finland fekk stønad frå Tyskland i krigen, ettersom Tyskland på same tid invaderte Sovjetunionen. Etter våpenstillstanden med Sovjetunionen måtte Finland utkjempa Lapplandskrigen for å driva tyske styrkar ut av landet. Den finske framhaldskrigen vart formelt avslutta med Fredsavtalane i Paris av 1947.


Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads