Carl Gustaf Mannerheim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Carl Gustaf Mannerheim
Remove ads

Carl Gustaf Emil Mannerheim (4. juni 186727. januar 1951) var ein finsk (finlandssvensk) adeleg offiser, politikar og oppdagar som var president i Finland frå 1944 til 1946. Han vert oftast omtala som Gustaf Mannerheim eller berre Mannerheim.

Remove ads

Liv

Mannerheim vart fødd i Louhisaari (svensk Villnäs) i Finland, og døydde i Lausanne i Sveits. Han var i russisk teneste til oktoberrevolusjonen i 1917.

Mannerheim var øvstkommanderande for dei finske regjeringstru (kvite) styrkane under den finske borgarkrigen i 1918, riksforstandar frå 1918 til 1919, feltmarskalk 1933, og finsk øvstkommanderande frå utbrotet av vinterkrigen i 1939. Han vart utnemend til marskalk av Finland i 1942.

Den 4. august 1944 vart Mannerheim den sjette presidenten i Finland. Mange trudde at berre han kunne «leia landet til fred» mot slutten av den andre verdskrigen. Same året mottok han storkrossen av Finlands løves orden. Den 8. mars 1946 gjekk Mannerheim av som finsk president.

Mannerheim gav namn til den finske forsvarslinja (Mannerheimlinja) under den finske vinterkrigen og den finske framhaldskrigen.

Mannerheim vart vald til Århundrets finlendar i ei stor fjernsynsrøysting i Finland i 2004.

Remove ads

Sjå òg

  • Mannerheimkorset

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Carl Gustaf Mannerheim
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads