France Prešeren

slovensk skribent og poet From Wikipedia, the free encyclopedia

France Prešeren
Remove ads

France Prešeren (fødd 3. desember 1800 i Vrba i Slovenia, død 8. februar 1849) var ein slovensk forfattar som er kjend for lyrikken sin.

Kjappe fakta

France Prešeren vert sett på som ein av dei største slovenske poetane nokonsinne, han var kjend og hylla både på landsbasis, og som ein av dei leiande i europeisk litteratur på den tida då han levde. Prešeren vert sett på som ein av dei fremste europeiske romantikarane.

Han vart fødd i den vesle byen Vrba i Slovenia i ein fattig familie. Mor hans ville at han skulle verte prost, noko France ikkje ville. Han studerte filosofi og seinare rettsvitskap på unversitetet i Wien i Austerrike. Etter det vart han tilsett som assistent på eit advokatfirma i Ljubljana. Han lukkast likevel aldri som advokat.

Prešeren forfatta òg eit stort historisk epos, Krst pri Savici, og han skreiv dessutan mellom anna sonettartysk. Den sjuande strofa i Prešeren sitt dikt «Zdravljica» ('Ein skål') har sidan 1991 vore nasjonalsongen i Slovenia.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads