Kranj

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kranjmap
Remove ads

46°14′37″N 14°21′21″E

Kjappe fakta Land, Statistisk region ...

Kranj (tysk Krainburg) er ein by og ein bykommune i den statistiske regionen Gorenjska i Slovenia.

Kranj er den tredje største kommunen og den fjerde største byen i Slovenia med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 20 km nordvest for Ljubljana. Han er eit senter i Kranjska, nordvest i Slovenia, og er hovudsakleg ein industriby med industriar som elektronikk og gummi. Den historiske regionen Kranjska er kalla opp etter byen, som var hovudstad i denne regionen tidleg i mellomalderen.

Byen er òg kjend for idrettsanlegga, mellom anna fotball, tennis og basketball, og det største symjeanlegget i landet, der mellom anna europameisterskapen i vasspolo vart halde i 2003.

Sentrum i byen består av ein godt bevart gamleby frå mellomalderen. Dette området ligg mellom elvane Kokra og Sava.

Thumb
Kranj i 2007.
Remove ads

Folketal

Folketalet i dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[a]

Meir informasjon Folketal 2002, Folketal 2011 ...
Remove ads

Merknader

  1. Folketeljingane i 2011 og 2021 er gjennomførte som registerbaserte teljingar.
  2. Fram til 2002 ein del av kommunen Šenčur.[3]
  3. Ikkje medrekna busetnaden Hrastje, som fram til 2002 var ein del av kommunen Šenčur.[3]

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kranj

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads