Francesco Zuccarelli
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Francesco Zuccarelli (15. august 1702–30. desember 1788) var ein italiensk målar, særleg kjend for sine landskapsmåleri med antikk bakgrunn. Stilmessig høyrer verka hans til rokokkoen.



Remove ads
Liv og gjerning
Zuccarelli var fødd i Pitigliano, ein landsby i Toscana. Han var elev av portrettmålaren Giovanni Morandi og deretter Pietro Nelli i Roma. I 1732 slo han seg ned i Venezia, der han for det meste måla religiøse og mytologiske motiv, men etter kvart byrja lage bilete med landskap. Han tok oppdrag fleire stader i Italia, og samarbeidde ofte med andre målar, mellom andre med Bernardo Bellotto. Frå 1747 til -52 arbeidde han for den rike Tassi-familien i Venezia.
Oppfordra av den britiske konsulen i Venezia, reiste Zuccarelli i 1752 til England. Produksjonen hans var heile tida etterspurd, så han vart verande i London til 1762. Etter tre år i Italia tok han på ny opphald i London, der samfunnseliten tok han vel imot og han vart invitert til ymse kunstforeiningar. I 1768 var Zuccarelli mellom dei målarane som frå starten av fekk medlemskap i Royal Academy of Arts. Gjennom sine mange år i England påverka Zuccarelli utviklinga av engelsk landskapsmåling.
År 1771 reiste han tilbake til Venezia, han arbeidde også ei tid i Roma. Landskapsmålaren Zuccarelli hadde ei ei høg stjerne mellom dei som var inspirert av Jean-Jacques Rousseau sine tankar om naturen og naturtilstanden.
Han døydde i Firenze, 86 år gammal.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Francesco Zuccarelli» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads