Franz Klammer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Franz Klammer
Remove ads

Franz Klammer (fødd 3. desember 1953) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå bygda Mooswald i Kärnten. Han vart olympisk meister i utfor under OL 1976 i Innsbruck. To år tidlegare tok han sølv i same øvinga under VM i St. Moritz, samt gull i kombinasjonen.

Kjappe fakta

Heile fem sesongar vann Klammer pokalen som vinnar av utfor-delen av verdscupen i alpine greiner. Perioden 1975-78 vann han fire år på rad, og tok sin femte og siste utforpokal i 1983. Ingen utforrennar har klart å kopiere denne bragda. Klammer vann i alt 26 renn i verdscupen i alpint, alle i utfor, unnateke ein kombinasjonssiger. Den fyrste verdscupsigeren kom i desember 1973 i Schladming, den siste i Kitzbühel 10 år og ein månad seinare.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads