Freddie and The Dreamers
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Freddie and the Dreamers var ei britisk beatgruppe frå Manchester som fekk ei rekkje hitsinglar mellom mai 1963 og november 1965. Frontmannen var Freddie Garrity var berre 1,6 meter høg, men hoppa og spratt på scenen med armar og bein i alle retningar og bandet vart rekna som klovnane i den britiske bølgja.[1]
Remove ads
Historie
Frontmannen Freddie Garrity byrja å spele i skifflegrupper seint i 1950-åra og byta til rock and roll tidleg i 1960-åra. Etter The Beatles opna den amerikanske marknaden for britiske band, følgde Freddie & the Dreamers dei mange banda som prøvde å slå gjennom i Statane. Gruppa fekk fleire hittar i Storbritannia enn i USA, der dei berre fekk ein hit på Topp 10, «I'm Telling You Now». I 1966 byrja suksessen å dale og innan 1968 var bandet oppløyst. Garrity sette seinare saman ei ny utgåve av The Dreamers og gruppa turnerte i to tiår. Helsa til Garrity byrja å bli dårleg og han vart akutt sjuk på ein flytur frå New York til Storbritannia i 2001, visstnok på grunn av emfysem. Etter dette sat han mykje i rullestol fram til han døydde i Bangor i Wales i 2006, 69 år gammal.
Dei fekk i alt fire hittar på Topp 10 i Storbritannia: ein versjon av James Ray sin «If You Gotta Make a Fool of Somebody», som nådde tredjeplassen i 1963, «I'm Telling You Now» (andreplassen i august), «You Were Made For Me» (tredjeplassen i november) og ein versjon av The G-Clefs «I Understand», som nådde femteplassen i november 1964.
Remove ads
Diskografi
Singlar
Remove ads
Merknadar
- «Susan's Tuba» med berre Freddie Garrity og musikarar som sidan danna 10cc, inkludert Graham Gouldman.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads