Frederik Meyn
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Frederik Meyn (8. april 1790–3. september 1853) var ein dansk-norsk offiser og næringsdrivar.
Meyn var frå København, der far hans var arkitekt. Han vart offiser i 1807 etter utdanning i heimbyen København. År 1811 vart han forflytta til 15. kompani i Christiania og Noreg. Under krigen i 1814 kommanderte han ein artilleridivisjon i eigenskap av premierløytnant, forfremja til artillerikaptein i 1819. Frå 1842 var han oberstløytnant og felttymeister, 1853 oberst.
Då Poul Steenstrup døydde i 1824 vart Meyn beordra til å styre Kongsberg Våpenfabrikk. Ved kongeleg resolusjon av 11. september 1839 vart Meyn tilsett som direktør ved Kongsberg sølvverk, ei stilling han hadde livet ut.
Mey representerte Kongsberg på Stortinget i 1839. Han var riddar av St. Olavs orden, riddar av Dannebrogordenen og riddar av Sverdordenen.
Han døydde i Christiania i 1853.
Remove ads
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads