Kongsberg Gruppen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kongsberg Gruppen ASA (OSE: KOG) er eit norsk selskap som utviklar og produserer sivilt og militært høgteknologisk utstyr. KOG har verksemder på 40 plassar i 24 forskjellige land. Selskapet har til saman rundt 6000 tilsette. Av desse er om lag 4000 tilsette i Noreg. KOG er sett saman av to driftselskap: Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) og Kongsberg Maritime (KM), begge med hovudkontor i Kongsberg.
KDA produserer militært utstyr og romsystem, medan KM utviklar og produserer avansert maritimt elektronisk utstyr, som vert nytta i fiskebåtar, forsyningsskip, boreskip, tankskip og fritidsbåtar.
Remove ads
Historie
KOG har røter tilbake til 1814, då Kongsberg Vaabenfabrik (KV) vart stifta. Føremålet med selskapet var å produsera våpen til det norske militæret. Fram til 1948 var KV eit statseigd selskap, under Forsvarsdepartementet. Etter dette vart KV omorganisert som eit statsaksjeselskap.
I 1974 stifta KV eit dotterselskap i Canada, med namnet Kongsberg Mesotech Ltd. Føremålet med dette selskapet var å produsera undervassovervåkingssystem.
I 1987 vart selskapet omstrukturert og alle sivile avdelingar vart skilde ut som eigne selskap. Det som var att av KV fekk namnet Norsk Forsvarsteknologi (NFT).
I 1996 vart selskapet notert på Oslo Børs og namnet vart, på trass av at det strir mot norske orddelingsreglar, endra til Kongsberg Gruppen ASA.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads