Frederikshavn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Frederikshavnmap
Remove ads

Frederikshavn er ein by og tidlegare kjøpstadJylland i Danmark med 23 309 (2013) innbyggarar.[1] Frederikshavn ligg ved Kattegat på austkysten av Vendsyssel. Tidlegare Frederikshavn kommune hadde i 2004 34 416 innbyggarar. Etter kommunalreformen 2007 er tidlegare Sæby kommune innlemma i den nye Frederikshavn kommune. Den høyrer til Region Nordjylland.

Kjappe fakta Land Region Kommune, Innbyggjarar • By (2013) ...

Frederikshavn ligg i eit morenelandskap som vart skapt av innlandsisen i siste istid for om lag 14 000 år sidan. Byen heitte tidlegare Fladstrand før den vart kalla opp etter kong Fredrik VI. Frederikshavn fekk kjøpstadsrettar i 1818.[2]

Næringslivet i Frederikshavn har tradisjonelt vore basert på fiskeri og hamneverksemd. I dag er byen ein av Danmarks største ferjebyer med samband til Oslo og Göteborg. Byen har også eit større sjukehus, marinebase og tekniske skular tilknytte maritime fag.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads