Fredrik Vilhelm I av Preussen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Fredrik Vilhelm I (fødd 14. august 1688 i Berlin, død 31. mai 1740 same stad) frå Huset Hohenzollern var konge av Preussen og kurfyrste av Brandenburg (som Fredrik Vilhelm II) frå 1713 til han døydde i 1740. Han vert populært kalla «Soldatkongen» (der Soldatenkönig).
Faren hans, Fredrik I av Preussen, var den første kongen av Preussen. Fredrik Vilhelm konsentrerte seg om å bygge opp den militære makta til Preussen. Han sentraliserte og betra den prøyssiske staten, erstatta tvungen militærteneste for middelklassen med ein årleg skatt, oppretta grunnskular, og sørgde for å folkesette Aust-Preussen etter at innbyggjartalet hadde vorte redusert som følgje av pest i 1709.
Han levde spartansk for sin stand å vere, og likte best å vere kledd i hæruniformen sin. I motsetnad til faren og bestefaren hadde han ikkje mykje til overs for kultur og protesterte på pengar som ikkje gjekk til hæren. I levetida hans vart den prøyssiske hæren fordobla.
Fredrik Vilhelm og kona hans Sofie Dorothea av Hannover hadde åtte overlevande barn.
- Vilhelmine av Bayreuth (1709-1758)
- Fredrik II av Preussen (òg kalla «Fredrik den store») (1712-1786)
- Frederikke Louise (1714-1784)
- Filippine Charlotte (1716-1801)
- Sofie Dorothea Marie (1719-1765)
- Louise Ulrike, dronning av Sverige (1720-1782)
- August Vilhelm (1722-1758)
- Anna Amalia (1723-1787)
- Henrik (1726-1802)
- August Ferdinand (1730-1813)
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Fredrik Vilhelm I av Preussen» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2008.
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads