Fricktal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fricktal
Remove ads

Fricktal er eit landskap heilt nord i den sveitsiske kantonen Aargau. Det ligg mellom Basel i vest, Rhinen (og dermed Tyskland) i nord og Jurafjella i sør. I aust strekkjer det seg nesten til elva Aare.

Thumb
Utsyn over Fricktal, med Wallbach og Rhinen i framgrunnen

Fricktal høyrde sidan 1300-talet og inntil 1799 til Breisgau (og dermed til Vorderösterreich), og var altså ein habsburgsk eigedom. Etter at franske soldatar hadde okkupert området i 1799, vart Fricktal i 1802 utropt til ein eigen kanton i Den helvetiske republikken. Men allereie i 1803 vart Fricktal slått til kantonen Aargau.

Heilt inntil byrjinga av 1900-talet var Fricktal ein rein landbruksregion, og vart gjentekne gonger heimsøkt av hungersnaud. Først dei seinare 50 åra har Fricktal – pga nærleiken til Basel – sett ein økonomisk framgang med mellom anna etablering av industri.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads