Fridtjof

mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Fridtjof
Remove ads

Fridtjof, Fridtjov, Frithjof, Fritjof og Fritiof er mannsnamn av norrønt opphav. Fridtjof har namnedag i Noreg den 10. oktober medan Fritiof har svensk namnedag den 18. februar.

Thumb
Namnetrekket til Fridtjof Nansen.

Namnet er sett saman av friðr, 'kjærleik, fred', og þjófr, 'tjuv'. Dei norrøne formene av namnet var Friðþjófr og Friþiófr, og den islandske namneforma er Friðþjófur.

Namnet er kjend frå Soga om Fridtjov den frøkne. Det blei teke i bruk som førenamn i Noreg frå 1830-åra. I 2012 var det 442 norske menn som heitte Fridtjof, 127 som heitte Fritjof og 5 som heitte Fritiof.

I Sverige var det totalt 1 957 personer som heitte Fritiof eller Fritjof. Berre 230 hadde det som tiltalenamn.

Thumb
Fridtjof Backer-Grøndahl
Remove ads

Kjende namneberarar

  • Fridtjof Nansen (1861–1930), norsk oppdagar, forskar og diplomat
  • Frithiof Mårtensson (1884-1956), svensk brytar
  • Fridtjof Backer-Grøndahl (1885–1959), norsk pianist og komponist
  • Fridtjof Knutsen (1894–1961), norsk journalist og forfattar
  • Fritiof Nilsson Piraten, svensk advokat og forfattar
  • Fridtjof Mjøen (1897–1967), norsk skodespelar
  • Fritiof Billquist (1901-1972), svensk skodespelar og forfattar
  • Fritjof Bergheim (1903-1972), norsk idrettsmann
  • Fridtjof Frank Gundersen (1934-2011), norsk jurist, professor og politikar
  • Fritjof Capra (f. 1939), austerriksk-amerikansk fysikar og forfattar
  • Frithjof Prydz (1943-1992), norsk idrettsmann
  • Frithjof Wilborn (f. 1961), norsk programleiar og fotballspelar
  • Frithjof Jacobsen (f. 1969), norsk musikar, forfattar og programleiar
  • Fritjof Krogvold (f. 1971), norsk rullebrettutøvar
Remove ads

Annan bruk

Fritjof Fomlesen er ein komisk rollefigur skapt av Lars Vik.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads