Fridtjof Frank Gundersen

norsk professor og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Fridtjof Frank Gundersen
Remove ads

Fridtjof Frank Gundersen (29. oktober 193411. november 2011) var ein norsk politikar, jusprofessor, forfattar og stortingsmann frå Tynset i Hedmark. Han vart ofte omtala som «fri og frank».

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Remove ads

Karriere

Gundersen studerte jus ved universitetet i Oslo, der han vart cand. jur i 1961, fullførte doktorgrad i 1973 og endeleg vart utnemnd til professor i rettsvitskap ved Norges Handelshøyskole i Bergen i 1975. Han var tilknytt NHH sidan, og fekk tittelen professor II i 2002. Dei viktigaste forskingsarbeida hans er gjort innan rettssystemet i EU. Gundersen vart vald inn på Stortinget som 10. representant for Akershus i perioden 1981-1985. Han var partilaus, men var innmeldt på programmet til Framstegspartiet. Etter å ha falle ut av Stortinget ein periode, vart han innvald att i 1989, og melde seg inn i Framstegspartiet året etter. Han vart sitjande på tinget fram til 2001, og hadde også plass i Utanrikskomitéen.

I 2001 meldte Gundersen seg ut av Framstegspartiet og forsøkte å starta si eiga valliste saman med andre FrP-utbrytarar. Gundersen ville kalla lista for Det Liberale Folkepartiet, men ho fekk til slutt namnet Oslolista. Då Gundersen ikkje nådde opp i dette valet, trekte han seg attende frå aktiv politikk.

Han har også sete som formann og seinare æresmedlem i parlamentarikarforeininga til den vesteuropeiske unionen. Fridtjof Frank Gundersen døydde i 2011 etter lang tids sjukdom.[1]

Remove ads

Nokre verk

  • Ny solidaritet, 1966
  • Introduksjon til EEC. Rettslige og politiske spørsmål, 1968
  • Multinasjonale konserner og kontrollen med dem, 1970
  • EEC-håndboken, 2 bd., 1971
  • Kontrollen med karteller og storbedrifter, 1972
  • Hovedlinjer i avtaleretten, 1977
  • Hovedlinjer i forvaltningsretten, 1978 (4. utg. 1994)
  • Fri og frank på Tinget, 1985
  • EF-boken, 1989
  • Lov og rett for næringslivet, 1989 (3. utg. 1997)
  • Innføring i EØS og EF-rett, 1992
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads