Friedrich Schelling

From Wikipedia, the free encyclopedia

Friedrich Schelling
Remove ads

Friedrich Wilhelm Joseph von Schelling (27. januar 177520. august 1854) var ein tysk filosof knytt til romantikken, fødd i Leonberg i det dåverande hertugdømet Württemberg.

I filosofihistoria vert Schilling ofte rekna som mellomsteget i utviklinga av den tyske idealismen, plassert mellom Johann Gottlieb Fichte, læremeisteren hans i unge år, og Georg Wilhelm Friedrich Hegel, hans medelev og tidlegare venn, seinare rival.

Særleg interesse vekte Schellings tankar om natur. Han såg naturen som uttrykk for det åndelege i ulike utviklingssteg. I levande vesen stig tilværet til stendig høgare bevisstheit, hevda han, inntil det når det høgste bevisstheitsliv i det sjølverkjennande mennesket. «Naturen er den synlege ånd, ånda den usynlege natur». Schellings filosofi er open for tolking, då den tilsynelatande heile tida var i endring.

Schellings naturfilosofi har vorte kritisert for sin tendens til analogi og mangel på empirisk orientering. Interessa for Schellings filosofi minka etter Hegels idear vart kjende, men meir indirekte spela Schellings tankar likevel sterkt inn i det romantiske kunstsynet. Nokre seinare filosofar, så som Martin Heidegger og Slavoj Žižek, har sett på Schellings arbeid med nye auge.

Schelling døydde i Bad Ragaz i Sveits.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads