Humboldt-Universität zu Berlin

From Wikipedia, the free encyclopedia

Humboldt-Universität zu Berlin
Remove ads

Humboldt-universitetet i Berlin er det eldste universitetet i Berlin. Det vart grunnlagt 16. august 1809 etter opptak frå den liberale prøyssiske utdanningsreformatoren og språkvitaren Wilhelm von Humboldt, og byrja verksemda i 1810.

Kjappe fakta Motto, Grunnlagt ...

Mange av dei største tenkjarane i Tyskland har undervist på universitetet, mellom anna filosofane Johann Gottlieb Fichte og Friedrich Schelling, teologen Friedrich Schleiermacher, filosofen Georg W. F. Hegel, rettsteoretikaren Friedrich Carl von Savigny, filosofen Arthur Schopenhauer og fysikarane Albert Einstein og Max Planck. Universitetet vart òg vitja av grunnleggjarane av den marxistiske teorien Karl Marx og Friedrich Engels. (Den ellevte Feuerbachtesen til Karl Marx pryder i dag den verna inngangshallen: «Filosofane har til i dag berre tolka verda ulikt, men det det kjem an på er å forandre ho.») Andre kjende personar som har studert der er diktaren Heinrich Heine, den seinare rikskanslaren Otto von Bismarck og den tyskfødde franske politikaren Robert Schumann, som var utanriksminister i Frankrike og president for Europaparlamentet. Totalt 29 nobelprisvinnarar har studert ved universitetet.

Hovudbygningen ligg i sentrum av Berlin, i paradegata Unter den Linden. Dei fleste institutta ligg i nærleiken av hovudbygningen, men bygningane for naturvitskap ligg ved Adlershof, sør i Berlin.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Humboldt-Universität zu Berlin


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads