Friedrich Wilhelm Argelander
tysk astronom From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Friedrich Wilhelm August Argelander (22. mars 1799–17. februar 1875) var ein tysk astronom.
Han var direktør for Åbo observatorium i 1823, for Helsingfors observatorium i 1827 og for observatoriet i Bonn i 1837.
Argelander fullførte i 1862 katalogen Bonner Durchmusterung med tilhøyrande atlas. Her er det gjeve posisjon og lysstyrke for 324 000 stjerner. Alle målingane var utført av han sjølv, og observasjonane tok 25 år. Han er òg kjent for det grunnleggande arbeidet over variable stjerner. I 1844 skildra han ein enkel metode, trinn-metoden, for visuell samanlikning av lysstyrken til variable stjerner med uforanderlege stjerner som referanse. Berre 18 variable stjerner var kjende i 1844.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads