Kungliga Vetenskapsakademien
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kungl. Vetenskapsakademien er eit svensk vitskapsakademi stifta i 1739. Det er ein uavhengig organisasjon som har som oppgåve å fremja vitskap og styrka innverknaden deira på samfunnet.[1] Akademiet er særskilt knytt til naturvitskap og matematikk, men legg også vekt på å auka utveksling mellom ulike disiplinar.

Akademiet deler kvart år ut Nobelprisen i fysikk, Nobelprisen i kjemi, Nobels minnepris i økonomi, Crafoordprisen, Sjöbergprisen og fleire andre store prisar. Det har også nær kontakt med utanlandske akademi og internasjonale vitskapsorganisasjonar. Akademiet har tilhald i Kungliga Nationalstadsparken i nordlege delen av Stockholm.
Remove ads
Historie
Kungl. Vetenskapsakademien blei grunnlagd 2. juni 1739 etter utanlandske førebilde av seks vitskapsfolk og politikar: Jonas Alströmer, Anders Johan von Höpken, Sten Carl Bielke, Carl Linnaeus (seinare von Linné), Mårten Triewald og Carl Wilhelm Cederhielm. Dei første som blei valde inn i akademiet etter grunnlegginga var Anders Celsius og Samuel Klingenstierna, medan Nils Reuterholm blei den første som blei innlemma under høgtidelege former.[2][3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads